Nei til utepils

Det blir ikkje uteservering for Blomvåg Fjordhotell i denne omgang.

Eit delt kommunestyre røysta onsdag over om dei nye eigarane av fjordhotellet skulle få vera den første staden i Øygarden som skulle få skjenka friluftsalkohol på lange tider.
Ordførar Olav Martin Vik la vekt på den alkoholpolitiske handlingsplanen kommunen har avtalefesta, som seier at det ikkje skal vera uteservering i Øygarden.
Eigarane av fjordhotellet har søkt om dispensasjon frå denne handlingsplanen.
Arbeiderpartiet gjekk sjølvsagt opp på talarbenken for å tala for ein slik dispensasjon.
Einar Blom (Ap) kunne ikkje forstå at kommunen ville skyva handlingsplanen framføre seg i ei slik sak. Han meinte at det burde vere naturleg for eit hotell som er plassert på ein slik idyllisk plass å ha uteservering.
KrF gjekk og på talarbenken, men tala mot ei dispensasjon.
Det vart både tja, ja og nei i debatten om utandørs skjenking i kommunen, før Olav Martin Vik sette ein stoppar for debatten.
Saka vart votert over, og fjordhotellet kan sjå langt etter sal av utepils denne sommaren.


Jeg foreslår herved Øygarden som dinosaur-, hellreistnings-, kyst- og alkoholpolitisk museum. Dette er virkelig verneverdig! Forbud mot offentlig utservering! Inkluder hele kommunen i en total verneplan!

“Mellom bakkar og berg utmed havet heve nordmannen fengja sin heim”. Er det så at det finst drikkfeldige og utsvevande nordmenn som ikkje kan historie si som pietistisk arbeidande individ ute på neset, så vil me ikke sjå dei her langs vegen og allting. Alkohol finst ikkje i Øygarden, veit du. I alle fall ikkje utandørs i almenta sitt påsyn. Det er det verste som har skjedd Øygarden sidan farge-TV gjorde sitt syndige inntog på 70-talet. Godt me hev KrF i kommunestyret!


Publisert

i

av

Stikkord: